Kva gjer vi for å nå våre målsetjingar?

Arbeidet kan delast inn i tre områder:

1) Løfte fram ei teknisk løysning for kryssing
2) Utarbeide profileringsmateriell som synleggjer styrkjer og muligheiter ved brua
3) Kommunikasjon med våre målgrupper

Teknisk løysing
Vi har jobba med tekniske løysingar for prosjektet gjennom eit muligheitsstudie, utført av Ingeniørfirmaet Aas Jakobsen. Aas-Jakobsen er eit rådgjevingsselskap innan bygg og anlegg med meir enn 250 tilsette. Dei har spesialisert seg på byggeteknikk og tverrfagleg kompetanse. Dei har gjennom fleire år vore eitt av dei leiande selskapa i Noreg på brukonstruksjonar. Gjennom denne erfaringa har dei fått fleire oppdrag i utlandet med ansvar for store bruprosjekt. Totalt har firmaet prosjektert fleire hundre større og mindre bruanlegg, og internasjonalt har Aas-Jakobsen markert seg ved å vinne fleire ingeniørkonkurransar om store bruer. Deira største oppdragsgjevar er Statens Vegvesen.

Dei har gjennom sin studie kome fram til at bru er den beste løysninga for å krysse Nordfjord (kontra røyrtunell og fjelltunell). Dei har også konkludert med at tradisjonell hengebru (fastbru) er det beste alternativet dersom det skal være 70 meter seglingshøgde (krav frå Kystverket til høgde ved innsegling til cruisehamner). Kostnaden for ei slik bru er estimert til om lag 2 200 millionar kroner.

Profileringsmateriale
Det er viktig for Nordfjordkryssing AS å framheve fordelane og muligheitene som brua gjev den enkelte på ein pedagogisk og god måte. Vi samarbeider difor med Inmedia AS som har jobba fram logo, grafisk uttrykk, nettsider og diverse annonsemateriell med utgangspunkt i strategien og bodskapen vår.

Kommunikasjon
Vi veit kor viktig det er med ein ferjefri E39 for framtida til Vestlandet. Næringslivet er avhengig av dette, og det er dei som har arbeidsplassane, som skal oppretthalde busetnaden, stimulere til vekst og sørgje for optimal utnytting av ressursane. Det er viktig for oss at alle som bur i vår region ser dei regionale utviklingsfordelane som brua gjev for ein større bu– og arbeidsmarknad.

Det er også viktig at vi står samla i regionen om ei løysing slik at vi ikkje kjem bakerst i køen i høve til andre bruprosjekt langs E39 og andre stamvegar i Noreg. For å få dette til, er det viktig at regionen står samla. Nordfjordkryssing AS ønskjer å være ein aktiv deltakar i den offentlege debatten. Vi kjem til å utarbeide ein finansieringsmodell i løpet av hausten 2010, som viser realismen i prosjektet. Vi skal også arrangere ein vegkonferanse som skal informere om brua, samle regionen bak prosjektet og skape samlingspunkt for vidare utvikling av næringslivet i vår framtidige bu– og arbeidsmarknad.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego