E-39 : Stamveg som blir finansiert med statlege midlar

Vegspørsmål har stått høgt på den politiske agendaen i mange år. Sjølv om det har herska mykje strid om vegval og vegprioriteringar, er vegnettet i regionen og fylket noko anna i dag enn for 20-30 år sidan. Framleis er det for dårlege samband i nord-sør retning.
    
Stamvegar i høve til riksvegar
Vegnettet kan delast inn i følgjande kategoriar:
Stamvegar
Fylkesvegar
Kommunale vegar
Private vegar
    
I økonomisk forstand fell både stamvegar og fylkesvegar inn under den reine statlege finansieringa (ofte i kombinasjon med bompengar). Det som likevel gjer det relevant å skilje desse to ”statsvegkategoriane”, er den avgjerdsprosessen som ligg til grunn for prioriteringane.

Når det gjeld fylkesvegar, er det fylkestinget som avgjer prioriteringane av nye prosjekt innanfor økonomiske rammer gjevne av staten. Kommunane gjev fråsegn til prioriteringane før fylkestinget gjer endelige vedtak. Sentrale styresmakter skal i prinsippet ikkje overprøve fylkestinget sitt vedtak. Fylkestinget sit med andre ord med avgjerdsmakt når det gjeld riksvegprioriteringar.

Når det gjeld stamvegar, gjev kommunane og fylkestinget fråsegn til innhaldet i Nasjonal Transportplan (NTP), men det er direktoratet/departementet som sit med avgjerdsmynde innan den økonomiske ramma som sentrale styresmakter har sett av til denne vegtypen.
    
Prioritering av stamvegsprosjekt
Det sentrale er at midlane til stamvegar (E39) og fylkesvegar er delte, samstundes som prioriteringane av midlane blir tekne av ulike instansar. Stamvegutbyggingar og utbygginga av fylkesvegar konkurrerer såleis ikkje med kvarandre. Når vi no ønskjer å byggje bru over Nordfjord, er dette med midlar som ikkje kan brukast på andre vegprosjekt i vår region. Dei er øyremerka til utviklingsprosjekt langs stamvegnettet. Det er vedteke at ein ønskjer ein ferjefri E39, og vi konkurrerar då i realiteten med andre bruprosjekt på stamvegnettet.
    
Finansiering av stamvegsprosjekt
Totalt er det åtte prioriterte transportkorridorar i Noreg. E39 er ein av desse. Transportetatane prioriterar drift og vedlikehald framfør investeringar for å ta best muleg vare på infrastrukturen i korridorane, men det er sett av midlar til utvikling. Desse midlane skal finansiere bru over Nordfjord, i tillegg til midlar i samband med ferjeavløysing og bompengar.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego