Nasjonal transportplan og konseptvalutgreiing

Alle utviklingsprosjekt på stamvegnett skal inn i Nasjonal Transportplan (NTP) før dei kan startast opp. Om investeringa er på 500 millionar kroner eller meir, skal det først gjennomførast ei konseptvalsutgreiing (KVU) før prosjektet kan komme med i NTP.

Nasjonal transportplan
NTP er ei stortingsmelding om hovudtrekka i regjeringa sin transportpolitikk dei neste 10 åra. NTP blir lagt fram kvart fjerde år, og presenterer måla for transportpolitikken og korleis regjeringa vil nå desse måla. I planen er det vidare ei oversikt over prioritering av midlar til jernbane, veg og sjøtransport i ein tiårs periode, med størst vekt på dei fire første åra.

Midlane er fordelte mellom drift og vedlikehald av infrastrukturen, samt større investeringsprosjekt og andre tiltak, til dømes rassikring. Prioritering av tiltaka er gjort etter at faglege vurderingar av behov og nytte ligg føre i åtte ulike transportkorridorar i Noreg. Målet er at NTP skal være ein heilskapleg styringsreiskap for utviklinga av transportsektoren. NTP skal bidra til meir effektiv bruk av ressursane, styrkje samspelet mellom transportformene og bidra til at vi når måla i transportsektoren.

For at bru over Nordfjord skal realiserast må prosjektet komme med i NTP. NTP 2010-2019 skal rullerast i 2014, og det er her Nordfjordkryssing AS ser at det er muleg å få med brua som eitt av prosjekta for å nå målet om ferjefri E39.

Konseptvalsutgreiing
I fleire stamvegutgreiingar og Stortingsmeldingar om NTP er det vist til store manglar på dagens E39. Dette går på framkomst, ferjestrekningar og trafikksikring. Før neste rullering av NTP (perioden 2014-2023), skal det gjennomførast kvalitetssikring av alle føreslegne prosjekt med investering større enn 500 millionar kroner. Kvalitetssikringa byggjer på at Statens Vegvesen legg fram ei KVU for ei aktuell strekning, og denne vert så kvalitetssikra av ei konsulentgruppe, oppnemnt av Samferdselsdepartementet/Finansdepartementet.

KVU-arbeidet skal:

  • Kartleggje behovet for transport på strekninga
  • Avklare mål og krav til transportsystemet
  • Framstille ulike konsept for transportsystemet
  • Vurdere måloppnåing for dei ulike konsepta
  • Kalkulere transportmessige og samfunnsøkonomiske verknader av dei ulike konsepta

I Vegdirektoratet sitt brev frå 23.10.2009 til Samferdselsdepartementet vert KVU tilrådd med slik grunngjeving:
”Bygging av Kvivsvegen, med åpning i 2012, har åpnet for å vurdere alternative vegtraseer mellom Skei og Volda, herunder vurdering av kryssing av Nordfjord eller vegtrase via Stryn. Samtidig er det behov for å utrede mulighetene for kryssing av Storfjorden sør for Ålesund på en ryddig måte. Det kan derfor være naturlig med en felles konseptvalgutredning for hele strekningen Skei – Ålesund.”

I eit KVU-arbeid skal ein greie ut kva regionale verknader tiltak i transportsystemet har for næringsliv, folketalsutvikling med meir. Statistisk sentralbyrå (SSB) og ulike forskingsmiljø har grunnlagsdata om dette. Det er også gjennomført undersøking/forsking om kor attraktive norske kommunar er med omsyn til flytting. Dette er undersøkingar som er omdiskuterte. Det vil vere ulike vurderingar om kva som verkar inn på folk sine flyttevanar, og Telemarkforsking v/Knut Vareide har gjort ei slik undersøking.

KVU-arbeidet blir lagt opp slik at det på den eine sida er god lokal forankring gjennom samhandling med lokale og regionale styresmakter, samt ulike interessentgrupper i planområdet. På den andre sida har arbeidet god samordning til sentrale styresmakter.

KVU skal ende opp med ei tilråding for val av konsept, og danne grunnlag for vidare planlegging etter plan- og bygningslova.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego