Pressemelding

Nordfjordbrua Lote-Anda (E39):

- Billegare bru forsterkar fagleg tilråding om E39 i midtre

 

Ei ny mulighetsstudie syner at Nordfjordbrua (bru over Nordfjorden ved Anda-Lote) kan byggast for ca 1,9 mrd NOK med flytebruteknologi. Det er heile 1 milliard kroner mindre enn det som til no har vore lagt til grunn i arbeidet med KVU og KS1 for E39 Skei-Valsneset, der ein har gått ut frå ei dyrare løysing med hengebru. Ei flytebru ved Lote-Anda vil bli på ca 1,8 km, ha høgbru på midten med 70 meters seglingshøgde og kan byggjast med kjent teknologi, i følgje den nye mulighetsstudien frå LMG Marin.

 

Samtidig syner nye berekningar eit høgare brukarfinansieringsgrunnlag for Nordfjordbrua enn tidlegare berekna, på grunn av sterkt auka trafikkmengde og oppdatert modellverktøy frå dei statlege transportetatane. Med ferjetakst pluss 40% påslag vil ein i følgje nye tal frå Sivilingeniør Helge Hopen AS kunne finansiere heile 2,1 mrd kr i bruinvesteringar med bompengar.

 

- Dei nye rapportane er gledelege, og forsterkar konklusjonen i den ferske kvalitetssikringsrapporten frå Terramar om at ein midtre korridor for E39 over Nordfjorden er den i særklasse mest framtidsretta og samfunnsøkonomisk beste løysinga. Det seier styreleiar i bruselskapet Nordfjordkryssing AS, Nils R. Sandal.

 

TERRAMAR AS – E39 SKAL GÅ OVER LOTE - ANDA

Den ferske kvalitetssikringsrapporten (KS1) utarbeidd av Terramar AS for Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet om konseptval for E39 Skei-Valsneset, gir ei klar tilråding om å legge E39 i midtre trase gjennom Nordfjord. Rapporten slår fast at E39 i midtre med bru som avløysing for dagens ferje Lote-Anda gir den klart høgaste samfunnsnytten i eit 40-årsperspektiv, med betydeleg større trafikk, kortare reiseavstandar og betre finansieringsgrunnlag gjennom bompengar enn det indre alternativet.

 

- Konklusjonen i KS1-rapporten om overlegen samfunnsøkonomisk effekt av ei bru over Nordfjorden i midtre er ikkje overraskande. Systematikken og modellbruken i rapporten er likevel banebrytande, og gir eit langt betre grunnlag for å vurdere framtidige veginvesteringar i Noreg, seier Nils R. Sandal, tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Viktige moment i Terramar-rapporten er lenger levetid på investeringane, lågare rente, større omsyn til regional utvikling og auka vektlegging av type trafikk i området.

 

REGIONAL UTVIKLING – KORTARE AVSTANDAR

- Nordfjordbrua vil binde saman Nordfjord, korte ned avstanden til Sunnfjord og knyte større deler av Nordfjord opp mot Søre Sunnmøre. Totalt vil opp mot 60.000 menneske få ein større arbeidsmarknad og avstandane til sjukehus, flyplassar og utdanningsinstitusjonar blir vesentlig kortere - noko som utløyser regional vekst og utvikling, seier Nils. R. Sandal.

 

Den «lokale trafikken» utgjer ca. 70 % av trafikkgrunnlaget langs E39, og det er her den største verdien i samfunnsnytten ligg. Dette har Terramar AS tatt omsyn til i sin KS1-rapport og dei er klare på at ein midtre trase for E39 har ein betydelig større effekt for regionen enn dei andre konsepta som er vurdert - rett og slett fordi denne traseen går midt gjennom regionen og ikkje "i utkanten".

 

Sogn og Fjordane fylkesting vedtok i januar 2012 å tilrå ei bru over Nordfjorden i midtre ved Lote-Ana som del av KVU E39 Skei-Valsneset, slik KS1-rapporten no har gitt ytterlegare fagleg støtte for.

 

Kontaktinformasjon:

Nils R. Sandal, styreleiar – Nordfjordkryssing AS. Mobiltlf 915 52 219

www.nordfjordbrua.no

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego