Planverkstad  1.-2. september 2010

Den 1. - 2. september arrangerar Konseptvalsutgreiinga (KVU) ved Statens Vegvesen ein planverkstad på Hotell Alexandra. Her skal representantar frå aktuelle kommunar, fylke og ulike interesseorganisasjonar samlast til eit arbeidsmøte der ein søkjer å forankre arbeidet til KVU i dei største interessegruppene. Samtidig ønskjer KVU å få viktige innspel frå deltakarane i forhold til å evaluere dei ulike konsepta.

 

I Vegdirektoratet sitt brev frå 23.10.2009 til Samferdselsdepartementet vert KVU tilrådd med følgjande grunngjeving:

 

Bygging av Kvivsvegen, med åpning i 2012, har åpna for å vurdere alternative vegtraseer mellom Skei og Volda, herunder vurdering av kryssing av Nordfjord eller vegtrase via Stryn. Samtidig er det behov for å utrede mulighetane for kryssing av Storfjorden sør for Ålesund på ein ryddig måte. Det kan derfor være naturlig med en felles konseptvalgutredning for hele strekningen Skei – Ålesund.”

 

Nordfjordkryssing AS deltek på planverkstaden med styreleiar Kjell Opseth. Vi ønskjer å vise kor viktig det er for den regionale utviklinga at E39 skal ligge der den ligg i dag (Lote-Anda området). Vidare ønskjer vi å trekkje fram dei styrker og muligheiter ein oppnår ved å byggje bru over fjorden, både for vår region og for næringslivet og personar som ønskjer å ferdast på Vestlandet.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego