Nils R. Sandal - Ny styreleiar i Nordfjordkryssing AS

 

Nils R. Sandal vart på generalforsamling 29. mars valt til styreleiar for Nordfjordkryssing AS. Samtidig utvidar selskapet styret frå fem til sju medlemmar. Styret består da av nestleiar Svein Ottar Sandal og Gerd Dvergsdal, som nå får følgje av dei nye styremedlemmane Ingolf Aagard, Håkon Sandvik, Knut Mostad, Eli Førde Aarskog og Nils R. Sandal. No skal selskapet følgje opp vedtaket frå fleirtalet i fylkestinget å jobbe for å få bygd brua over Lote-Anda.

 

Det er eit sterkt lag med eit godt nettverk som nå skal jobbe fram den politiske plattforma for ein bru løysing i midtre Nordfjord. Det skal jobbast inn mot sentrale styringsmaktar og dei ulike politiske partia.

 

- Dette er eit svært viktig prosjekt for Sogn og Fjordane, seie Nils R. Sandal. Skal vi oppretthalde busettinga og utvikle næringslivet i fylket vårt må vi utbetre vegane våre og gjere avstandane kortare. Vi må bygge infrastruktur som binde saman regionar og som gjer at dei som skal bu her i framtida får tilgang til fleire arbeidsplassar, og at verksemder får betre tilgang til kvarandre og til meir kompetanse. Nordfjordbrua vil binde saman Nordfjord som region.  I tillegg vil store delar av Nordfjord få kortare avstand til Sunnfjord og Søre Sunnmøre. Vestlandsrådet har prioritert Nordfjordbrua som fyrste bru prosjekt langs E39 i Sogn og Fjordane, og nå skal vi sørgja for at vi også blir prioritert i NTP, avsluttar Nils R. Sandal.

 

Dei andre nye styremedlemmane har ein brei kompetanse innan samferdsle, politikk og næringsutvikling. Ingolf Aagard er tidligare økonomidirektør i SFE, Håkon Sandvik har vore tilsett som dagleg leiar i Vestavind Kraft, Eli Førde Aarskog er eigar og drivar av Nordfjord Hotell og Knut Mostad sitt i styret i E39-utvalet og har jobba i transport- og rutenæringa i fylket i mange år.

 

Selskapet skal nå utarbeide ein rapport som kan stadfeste verdien av den regionale utviklinga ein oppnår ved å byggje ein bru i midtre Nordfjord.

 

Vidare ønskjer ein å gjennomføre ei studie av korleis ny flytebruteknologi kan nyttast. Denne teknologien vil gjeve langt lågare utbyggingskostnad og saman med brukarfinansiering, fergjeavløysingsmidlar og innsparte CO2/NOx utgiftar kan det være mogleg å realisera ein bru utan statleg støtte.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego