Det er svært positivt at i to av tre alternativ er Nordfjordbrua  Lote – Anda med. Det trur eg ganske sikkert vil føre til at ein av desse vert valde.

 

Når kostnadane er høgre enn det vi i Nordfjordbrua har lagt tilgrunn så skuldast det at ein har med store tilførselsvegar, seier nestleiar i Nordfjordkryssing as Svein Ottar Sandal . Her ligg inne ny tunnel frå Breisvora ved Hornindalsvatnet til Lote, som er ei framtidsretta løysing med tanke på at ein i dette alternativet skal knyte seg til vidare E 39 ved Kvivsvegen, seier Sandal. Han understrekar at ein i den endelege vurderinga må sjå på kva for  alternativ som gir best uttelling for flest brukarar. Eg er ikkje i tvil om at det er midtre alternativ. Det vil fange opp behovet som regional arbeidsmarknad har på beste måten. Det tredje alternativet med bru i indre strøk vil ikkje vere ferjeavløysande. Då vil framleis ferja over Lote Anda gå som i dag.  Ein må såleis i det indre alternativet legge inn kostnadane med framleis ferjedrift over Nordfjorden.

 

Svein Ottar Sandal meiner at om nordfjordingane no spelar sine kort rett kan ein få til gode løysingar for heile regionen. Ny veg Olden – Innvik vil kome så snart som muleg, det er det politisk semje om. Då er den viktigaste flaskehalsen på fylkesveg 60 nulla ut. Ein trase for E 39 med bru over Lote – Anda vil då ikkje kome i konflikt med dei primære behov i indre strøk, seier Sandal. Vi vil l då samla få til eit samferdsletilbod i Nordfjord som er framtidsretta og utviklingsorientert, og vi kan legge bak oss årevis krangel om trasear.

 

Les meir om dei ulike alternativa i Fjordabladet.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego