NHO - skuffa over vegsatsinga!

NHO er skuffa og meiner næringslivet er taparen på vegbudsjettet. – Det kjem ikkje pengar på statsbudsjettet som gir betre vegar for vidare utvikling, seier regiondirektør Tom Knudsen i NHO Sogn og Fjordane. Han er skuffa over framlegget til statsbudsjett som vart lagt fram tysdag.

 

Ønskjer seg meir enn vedlikehald

– Regjeringa ikkje oppfyller ikkje sin eigen nasjonale transportplan. Dei ligg faktisk 2,3 milliardar kroner etter skjema. Vi synest det er veldig positivt at dei løyver så pass mykje pengar til vedlikehald, der overoppfyller dei faktisk ramma. Men når ein så ser kvar ein tek pengane frå, så blir det ikkje meir ny veg, seier Knudsen. Regjeringa satsar på eit monaleg vedlikehaldsløft på eksisterande vegnett neste år.

– Då vel dei å bruke pengar som skulle gått til nye investeringar på vedlikehald. Dette hemmar næringslivet meiner Knudsen.

 

 

Ikkje enklare for næringslivet

- Han meiner næringslivet i Sogn og Fjordane er avhengige av meir og betre vegar. Det konkurranseutsette næringslivet kjem seg ikkje vidare, meiner NHO-sjefen.

– Det seier seg sjølv at det blir ikkje enklare å komme seg fram. Det blir på dagens nivå. Vi skulle ønskje at dette vart betre, spesielt for konkurranseutsett industri. Dei konkurrerer med utlandet. Skal dei lykkast, er veg ein av innsatsfaktorane som må vere på plass, seier Tom Knudsen.

 

Kilde: www.sfj.no

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego