Betre forhold for lokalt næringsliv

  • Fleire potensielle arbeidstakarar
  • Meir kompetanse
  • Betre tilgong til tenester
  • Utvida heimemarknad
  • Samarbeid med andre verksemder
  • Mindre kostnader
  • Auka omsetnad


Næringslivet i vår region har ei rekkje utfordringar grunna si geografiske lokalisering. Dei fleste verksemdene ser på kommunen ein er lokalisert i som sitt virkeområde, både når det gjelder produksjon, arbeidskraft og samarbeid med andre verksemder. Det er viktig at vi opnar for eit breiare perspektiv og at vi ser på alle fordelane og moglegheitene som opnar seg ved Nordfjordbrua.
    
Arbeidskraft
På lik linje med at det vil vere kortare veg for innbyggjarane i regionen til fleire arbeidsplassar, vil også næringslivet få fleire kandidatar med ulik type kompetanse å velje mellom. Mange ventar i dag for lenge ”på den rette kandidaten”. Då kan verksemder miste fart i produksjonen og utviklinga fordi dei ventar for lenge eller ikkje finn rett kompetanse.
    
Ytterlegare kompetanse
Det same gjeld tenester som næringslivet kjøper frå eksterne leverandørar. Geografi og lange avstandar gjer det naturlege utvalet dårlegare. Her vil brua legge til rette for auka konkurranse og betre tilgong til rett kompetanse innan nisjar som rekneskap, reklamebyrå, distribusjon, reinhald, osv.
    
Samarbeid med andre verksemder og miljø
Mange verksemder har mykje å lære av kvarandre. Ved tettare dialog kan ein utvikle og samkøyre ulike virkeområde for å effektivisere drifta. Dette kan ein gjere enten ein er i same bransje, har same kundar, nyttar same underleverandørar, har utfyllande kompetanse eller liknande. Slike samarbeidsformer vil styrkje verksemdene. Kortare avstandar mellom ulike miljø, og fleire arbeidstakarar som pendlar interkommunalt, vil gjere det langt enklare å etablere slike samarbeidsprosjekt.

Lågare kostnader
Næringsstrukturen i regionen er transportintensiv med mykje transport av råvarer, halvfabrikata og ferdige produkt. I ein stadig meir spissa konkurranse er det viktig for verksemdene at forholda blir lagt til rette slik at dei kan vere konkurransedyktige på pris og levering. Verksemder kan kutte kostnader og transportere meir ved å redusere transporttida av varer og personell nord- og sørover med i snitt 50 minutt tur/retur.
    
Auka omsetnad
Handel og kultur vil oppleve ein auka tilgong av kundar som vil få kortare veg med Nordfjordbrua. Bygg- og anleggsbransjen kan ta på seg oppdrag i eit større geografisk område. Eksempla er mange.
    
Kollektiv trafikk
Ved å senke kostnadane og spare tid, vil det bli eit betre tilbod innan kollektivtrafikken. Fordi fleire reiser mellom kommunane vil det bli fleire bussavgangar.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego