Lote – Anda, ein av dei største ferjekryssingane i landet

Trafikken er stor og aukar
Kvart år aukar trafikken over sambandet med om lag 4 %. I 2010 vil omlag 500 000 bilar nytte tilbodet. Ferja vil i år frakte nær 1 million personar. Dette gjer Lote-Anda til den 13. mest trafikkerte ferjestrekninga i Noreg. I Sogn og Fjordane er strekninga den tredje største.

Ein stor del av trafikken er gjennomgangstrafikk, og særleg tungtrafikken har auka vesentleg dei siste åra.

Historikk
1. juni 1968 vart ferja ”Davik” sett i drift mellom Lote og Anda. Trafikken var stor alt frå første dag. Billettane som vart trykt opp og som skulle vare resten av året, vart utselde etter to-tre dagar. 1. juni var pinseafta, og i løpet av pinsehelga gjekk ferja i pendeltrafikk og frakta 1 200 bilar og 4 900 passasjerar over fjorden. ”Davik” hadde plass til berre 18 bilar og vart snart for lita.

I 1969 overtok ”Lote”, før ”Sandøy” vart sett inn. Vinteren 1976-77 vart ferjekaiene både på Lote og på Anda rusta opp. Då gjekk ferjene ”Kvamsøy” og ”Sandøy” først mellom Lote og Hyen, deretter mellom Anda og Stårheim.

Våren 1977 vart  ”Fjalir” som tok 40 bilar sett inn på ruta. Den gjekk til ”Gloppen” overtok i 1979. Den ferja med lengst fartstid over Nordfjord er ”Selje”, som kryssa fjorden frå 1991 til 2007. Denne ferja tek 106 bilar og var den første av Fylkesbaatane sine ferjer som tok over 100 bilar. Etter om lag eitt år med ”Gulen” vart så ”Lote” sett i rute hausten 2008. Denne ferja er bygd i 2006 og tek 120 bilar.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego