Større utval innan kultur

  • Auka kulturtilbod ”over dag”
  • Samarbeid mellom aktørar på tvers av kommunane
  • Grunnlag for fleire og større kulturarrangement


Dei ulike kommunane har i dag eit mangfaldig og godt kulturtilbod. Alle byr på eit rikt program til sine innbyggjarar, og det blir lagt ned enormt mykje innsats for å arrangere dei ulike tilboda. Ferja er i dag eit hinder for kultur over kommunegrensene.
    
Større mangfald    
I vår region finn vi ulike oppsetjingar innan musikk og teater, idrettsarrangement og treningar, attraksjonar, festivalar, utstillingar, dans, song, opplæring i instrumenter, kino, museum, restaurantar og litteratur. Vi har eit unikt mangfald.
    
Fleire arrangement ”over dag”
Vi ser oftare og oftare at folk reiser til nabokommunane for å oppleve ulike kulturtilbod. Brua vil korte ned avstandane i stor grad. Ikkje berre vil alle i regionen få tilgang til meir kultur ”over dag”, men dei som arrangerer tilboda vil også få auka omsetnad og større kunstnarisk gjennomslag. Ferja reduserer antal avgangar eller stengjer heilt i helgane og i enkelte tilfeller på natta. Det er gjerne på desse tidene mykje av kulturtilbodet blir arrangert.
    
Samarbeid og utvikling over kommunegrenser
Kulturnatt i Nordfjord er eit spanande samarbeidsprosjekt. Med interkommunal kulturdialog, flyt av kompetanse og inspirasjon over kommunegrensene, vil det bli fleire eksempel på korleis kommunane kan utvikle kvarandre og skape ein betre kulturkvardag for regionen sine innbyggjarar.  
    
Fleire og større arrangement
Det er mogeleg at ein større bu- og arbeidsmarknadsregion vil leggje grunnlag for nye arrangement og kulturtilbod. Kulturaktørar kan sjå på regionen som ”ein liten by” slik at innbyggjarane får tilgong til større arrangement, konsertar og artistar.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego