Lufthamn, sjukehus og tenester ”dei andre har”

  •   Kortare og meir stabil veg til Sandane Lufthamn
  •   Kortare og meir stabil veg til Nordfjord Sjukehus
  •   Betre tilgong til tenester innan helse og opplæring


Dette er viktige tenester som er med på å styrkje vår region og auke bulysta. Lett kommunikasjon til andre delar av landet og ut av Noreg er viktig for busetnad og næringsliv. På same måte som eit godt sjukehustilbod er avgjerande for kor ein ynskjer å busetje seg.
    
Sandane Lufthamn

Gloppen Kommune er vertskommune for Sandane Lufthamn. Flyplassen er lufthamn for seks kommunar (30 000 innbyggjarar) og er no ferdig opprusta for 110 millionar kroner for å følgje nye tryggleikskrav.

Reisetida for dei fleste innbyggjarane vil med bru over Nordfjord bli korta ned med i snitt 50 minutt tur/retur. Det vil bidra til at flyplassen vert nytta oftare, og flytrafikken vil auke ytterlegare. Dette vil igjen føre til fleire avgangar og direkteruter til Gardermoen og Bergen.

Nordfjord Sjukehus
Nordfjord Sjukehus er sjukehus for innbyggjarane i Nordfjord. Opptakskommunane for sjukehuset er Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy, Selje og delar av Bremanger.

Brua vil føre til større tryggleik for innbyggjarane i delar av Gloppen Kommune og andre som treng akutt hjelp under opphald i Gloppen (trafikantar, turistar osv). Reisetida vil i snitt bli korta ned med 25 minutt, men opp til 40 minutt i verste fall. Dette er lang ventetid ved akutte forhold, og kan få fatale følgjer.

Nordfjordbrua vil føre til at sjukehuset er tilgjengeleg døgnet rundt. Det kan leggje grunnlag for at alle kommunane i Nordfjord kan inngå legevaktsamarbeid knytt til Nordfjord Sjukehus.

Andre tenester
Innbyggjarane i regionen vil også i større grad kunne nytte andre tenester innan helse og opplæring i andre kommunar. Innbyggjarane nord for Nordfjord vil få raskare tilgong til Sentralsjukehuset i Førde når Nordfjordbrua er på plass. Elevar i den vidaregåande skulen får større fleksibilitet og kortare reisetid når dei kan nytte Nordfjordbrua.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego