KVU konspeter - okt. 2010

Arbeidet med å lage ei konseptvalutgreiing(KVU) for E39 Skei-Ålesund er i full gang. Statens vegvesen ynskjer at deltakarane i samarbeidsgruppa skal være med i den vidare prosessen, og som ei oppfølging av verkstaden i Loen i september inviterte Statens vegvesen til et nytt møte i Ørsta. Møtet fann stad på Hotell Ivar Aasen tysdag 26.oktober frå klokka 10:00 til 14:00.

 

På møtet blei fylgjande tema drøfta:
• Behov og mål for strekninga. Dette er sentrale deler av KVU-rapporten, og bør drøftast vidare på det grunnlaget som kom fram på verkstaden.
• Konsept i langsiktig perspektiv. Her inngår mange av dei skissene som kom fram under verkstaden. I tillegg presenterer vi variantar som ikkje var framme.
• Konsept i eit kortare perspektiv. Her vil ferjekonsepta stå sentralt, og vi må drøfta korleis desse inngår i dei meir langsiktige løysingane.

 

Last ned dei ulike konsepta her.

 

Det vart mykje fokus på reisetid. Det vart sagt at framkomelegheit og reduserte avstandskostnader vil verte veldig sentralt for val av stamvegalternativ.

 

Det beinaste alternativet over Stigedalen med bruer over Voldsfjorden og mellom Lote og Anda vil korte ned reisetida mellom Skei og Volda frå dagens 132 minutt med ferje til 67 minutt ferjefritt.  Det andre Stigedalsalternativet går over Austefjorden i retning Bjørkedalen og Eid og er tidsrekna til 75 minutt. Der er også med eit alternativ som går over Heggjadalen, berekna til 82 minutts reisetid.

 

I indre Nordfjord er det med tre ulike alternativ vidare, to av dei med bru. Det kortaste alternativet over Kviven om Hornindal og Stryn, er rekna til 66 minutt. Det vil seie om lag same tidsforbruk som det kortaste Stigedalsalternativet. Skilnaden på dei to er mellom anna at alternativet gjennom Eid vil avløyse to ferjer og vil ha større samfunnsmessig effekt ved å binde saman midtre Nordfjord til eitt bu- og arbeidsområde.  

 

Kombinasjonen av gjennomfartsveg for tungtrafikken og den lokale trafikken er somme stader konfliktfylt med støy- og nærmiljøproblem. Volda, Ørsta og Moa vart nemnde som område der dette er konfliktfylt. Delar av E39 har mykje 50- og 60-soner, men ein ønskjer primært å ha mest mogeleg 80-soner på stamvegen. I alle dei alternativa der stamvegen går om Eid, har ein lagt vegen utanom Nordfjordeid sentrum og går med tunnel frå Nor til Lote.

 

Kommunane får no to veker på seg til å kome med ytterlegare kommentarar før vegvesenet byrjar å sile ut og førebu framlegg til ein framtidsretta trasé mellom Ålesund og Skei. Framlegget frå Statens vegvesen skal vere klart til neste møte, som er planlagt i januar.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego