Auka tilgjenge til handelsområde

  •    Kortare avstand til fleire butikkar
  •    Betre utval og lågare pris
  •    Meir handelsbesøk frå andre kommunar


I dag reiser mange til andre kommunar for å handle varer som ikkje finst i heimkommunen eller for å oppnå lågare pris. Ved bru vil det bli langt kortare veg, og på sikt rimelegare transportutgifter som gjer det meir naturleg for folk å kome til vår region og handle. I tillegg vil dei som bur i regionen får kortare veg til områda rundt Ålesund og Førde.
    
Det er ikkje sikkert at omsetnaden aukar totalt sett i vår region, men vi vil oppleve at fleire kjem hit for å handle, og dei som bur her vil få større valfridom.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego