E-39 – ein av Noregs viktigaste stamvegar

E39 Kyststamvegen inngår i det overordna transportnettet i landet slik dette er definert i Nasjonal Transportplan (NTP) 2002-2011. Kyststamvegen er totalt om lag 1 000 km. Det tilsvarer ein sjuandedel av det totale stamvegnettet i Noreg.
    
Viktig for næringslivet og bulyst på Vestlandet
E-39 er veldig viktig for utviklinga av næringslivet og bulyst på Vestlandet. Transport av varer og menneske er i dag avgrensa av lang reisetid og dyre ferjekryssingar. Ferjedrifta fører til høge driftskostnadar for staten, pengar som kan nyttast til vedlikehald og utbetring av det eksisterande vegnettet. Ferjefrie løysingar vil gje transportsystem med kortare reisetider, reduserte transportkostnader og fjernar risiko for driftsstans på ferjene.

By og tettstadar blir knytt saman og skapar samanhengande bu- og arbeidsmarknadar som sikrar betre tilgong til arbeidskraft og kompetanse til verksemdene. Dette vil vere eitt av dei viktigaste rammevilkåra for å utvikle vidare den positive og langsiktige næringsutviklinga i vår del av landet.
    
Vestlandet står for 40 % av eksport av tradisjonelle varer
Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har om lag 1,2 millionar innbyggjarar (om lag 25 % av Noregs innbyggjarar) og står for om lag 40 % av norsk eksport av tradisjonelle varer. I tillegg kjem olje- og gassektoren. Næringsstrukturen på Vestlandet er transportintensiv med omfattande transport av råvarer, halvfabrikata og ferdige produkt. I ein stadig meir spissa konkurranse er det viktig for næringane at forholda blir lagt til rette slik at dei kan vere konkurransedyktige på pris og levering.
    
Transporten går i dag austover
Som følgje av den dårlege standarden på kyststamvegen, vert unødig mykje trafikk ført austover og inn på eit pressa transportsystem rundt Oslo og vidare sørover. Utvikling av E39 Kyststamvegen kan løyse ut transportgevinstar. Samtidig kan døgnopen stamveg med god framkomst og høgt tryggleiksnivå knyte tettare band mellom vestlandsfylka. Saman med utviklinga av hamner og sjøtransport vil landsdelen bli mindre transportavhengig av Austlandsområdet.
    
Lote – Anda
Ved å byggje bru over Nordfjord i Lote-Anda området vil ein spare i snitt 25 minutt kvar veg. Dette er med på å bidra til at det tek kortare tid å køyre E39, og at det blir eit billigare alternativ for næringslivet.
 
Utvikliga av E39 er høgt prioritert
I NTP 2002-2011 er utviklinga av E39 Kyststamvegen framheva som eit strategisk grep for å skape ein sterk region på Vestlandet. Dette er seinare også vektlagt spesielt i Vestlandsrådet si handsaming av NTP for 2006-2015 og i siste NTP 2010-19.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego