Dei fire fylkesordførarane på Vestlandet møtte måndag 4. oktober yrkessjåførar og bilistar på ferjekaien i Mortavika i Rogaland. Dei markerer at dei no vil leggje press på regjeringa for å få til ein ferjefri kyststamveg.

 

Arbeidet med ny Nasjonal Transportplan (NTP) er i gang og i vest ladar fylkesordførarane Olav Bratland (Møre og Romsdal), Nils R. Sandal (Sogn og Fjordane), Torill S. Nyborg (Hordaland) og Tom Tvedt (Rogaland) kanona med nye argument for ferjefri kyststamveg. 

- Dette er ein ny offensiv frå eit samla Vestland. Analysar viser at ein ferjefri kyststamveg i aller høgaste grad er mogleg å få til. No må regjeringa investere i infrastruktur, seier leiar av Vestlandsrådet Olav Bratland. 

Bratland låner NHH-professor Viktor Normans døme for å forklare:
- Dersom ferjefri kyststamveg aukar produktiviteten i regionen med 2,5 prosent i året, utgjer det ei auka årleg verdiskaping på 5 milliardar, og det rettferdiggjer store investeringar i infrastruktur. Ein ferjefri kyststamveg vil bli ein berebjelke for nasjonal og regional økonomisk utvikling, forklarar han. 

Planane er klare
Handlingsprogrammet til Vestlandsrådet sin Transportplan for Vestlandet tek sikte på å vere i mål med ferjefri E39 mellom Stavanger og Trondheim innan 2025. Hjelp frå staten til å finansiere prosjekta vil vere avgjerande. 

- Staten må blant anna gjennom si rolle som byggherre legge til rette for store entreprisar slik at vi kan få inn ny anleggskapasitet frå utlandet. Det vil hjelpe oss til å unngå press i norsk økonomi og sikre ein offensiv utbyggingsstrategi, seier Bratland. 

Resultat
Bratland ser nytten av å samle all regionalpolitisk kraft på Vestlandet i eit Vestlandsråd og viser til gode resultat frå førre NTP- runde. 

- I tillegg til å få Rogfast inn i planen, starta samferdsleministeren utgreiingar om utkast til løysingar for fleire viktige delstrekningar langs kyststamvegen. Ho gav Statens vegvesen i oppdrag å sjå på nye tekniske løysingar for vanskelege fjordkryssingar. Eit samla politisk press frå Vestlandet gav resultat då, og eg har same forventningar om gode resultat denne gongen, seier Bratland.

Viktig akse
Vestlandsrådet har ferjefri E39 som ei dei av viktigaste sakene på programmet, og argumenterer med at E 39 går gjennom Noregs fem største byar. Denne vegen vert ei hovudåre for nærmare 1,7 millionar nordmenn. Ein ferjefri E39 vil skape regional samordning og grobotn for vekst i ein utvida arbeidsmarknad. 

- Noreg og Vestlandet har verdas mest krevjande utgangspunkt for å bygge veg og infrastruktur. Men nyleg presenterte Statens vegvesen ei løysing for bru over Sognefjorden. Det viser at alt er mogleg, og det gjer Noreg og Vestlandet verdsleiande på området - og det må vere skal vi fortsette å bu i dette landet, forklarar Bratland. 

Ny vind i segla
Vestlandsrådet vedtok i februar ei ny plattform av prioriterte politiske utfordringar som rådet skal arbeide vidare med. Plattforma byggjer på ein ny samarbeidsavtale mellom dei fire fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Plattform og avtale er forankra i dei respektive fylkesting. 

- Vi har fått ny giv og tru på at eit samarbeid vil styrke og gi ei meir tydeleg stemme frå Vestlandet, både i nasjonal og internasjonal politikk, seier Bratland. 

 

Kilde: sfj.no

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego