Informasjonsmøte i Gloppen

 

Eid Utviklingsfellesskap, Gloppen Næringsorganisasjon, Eid kommune og Gloppen kommune arrangerte onsdag kveld informasjonsmøte i kommunestyresalen på Sandane om framtidig vegval for E 39 frå Skei til Ålesund.

 

Dagleg leiar i Nordfjordkryssing as, Mats Andersson hadde ein engasjerande presentasjon av selskapet og korleis ein jobbar fram til å nå målet om ferjefri kryssing  over Lote – Anda i 2020 .

 

Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen og Ordførar Sonja Edvardsen i Eid orienterte om KVU møte i Ørsta og ulike alternativ som Statens Vegvesen der la fram. Traseen frå Byrkjelo – Sandane – Anda – Lote – Nordfjordeid  og Stigedalen til Volda er den kortaste vegen.

 

Det var stort engasjement i salen og mange konstruktive innspel til ein vellukka strategi. Også tema rundt kommunesamanslåing kom fram i innlegg frå salen. Styreleiar i Nordfjordkryssing as Kjell Opseth oppsumerte med å hevde at framtidig E 39 vil gå om Sandane og Nordfjordeid var han heilt sikker på. Men alle vedtak må kjempast fram, og det var oppmodinga både til næringslivet, kommunane og enkeltpersonar. STÅ PÅ  - så kjem vi i mål, sa Opseth,. Han er  tidlegare samferdsleminister og kommunalminister og kjend for ikkje å gje seg når han har sett seg eit mål.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego