Nordfjordbru - her eller der?

Store planar for ny ferjefri E39 gjennom Nordfjord. Men nordfjordingane har fleire tankar om kor brua bør gå. Og bakom spøkjer Opseth'n...

 

 

MED DEN NYE Kvivsvegen - frå Grodås i Hornindal til Volda - kan du frå 2012 i prinsippet køyra ferjefritt til Sunnmøre. Det har kosta ein dryg milliard kroner, og han tek lang tid å køyra. Difor vurderer Statens vegvesen ein ny E39 frå Skei i Jølster til Volda. Men Nordfjord er så mangt. Tre traséar er aktuelle. Det er ikkje opplagt kva som er best - og for kven.

Som vanleg har tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth posisjonert seg, som styreleiar i selskapet Nordfjordkryssing AS. Han vil avløysa ferja Anda - Lote med bru same staden. Men det er slutt på at Opseth'n bestemmer åleine.

I avisa Firda i Førde sit redaktør Jan Atle Stang. Redaktørar vil gjerne ha eit ord med i laget, og Stang er ein mann utan smålege omsyn. Her skal det skjerast gjennom! I hans hovud er ein ny E39 framfor alt ein transportetappe for dei som kjem frå sør og skal nordover. Eller omvendt. Nordfjordingane får klara seg som best dei kan - og etterpå kan dei ta turen til Førde når dei skal føda.

VEGVESENET TENKJER i tre ulike trasear.

  • Den første går frå Volda og Kvivsvegen til Kjøs og vidare mot Eid, men med tunnel frå Breisvora til Lote. Bru frå Lote til Anda og vidare dagens trase til Sandane og Skei. Den vil kosta drygt 5 milliardar kroner og gir ei reisetid Skei-Volda på 88 minutt.
  • Den andre går frå Volda via bru over Voldsfjorden om Stigedalen og tunnel til ny bru Lote-Anda. Resten følgjer eksisteranede trasé Sandane-Skei. Reisetid vert 65 minutt og kostnad knapt 8,6 milliardar kroner. Denne løysinga, som er dyr, kanskje avskrekkande dyr, avløyser både ferja Anda-Lote og ferja Volda-Folkestad.
  • Tredje traseen går frå Volda via Kvivsvegen med bru over Nordfjorden ved Svarstad - langt inne i fjorden - deretter tunnel under Utvikfjellet til Byrkjelo og vidare vegen til Skei. Reisetida vert 66 minutt, og sambandet ferjefritt - men OBS OBS - det gjer ikkje ende på ferja Anda-Lote lenger ute. Prislapp: Vel 4,5 milliardar kroner.

Vegvesenets langsiktige mål er å korta reisetida mellom Ålesund og Skei i Jølster til to timar.

I FØRDE ER DET LETT å halda seg til det store perspektivet. I Nordfjord veit dei at det ikkje er så mange av dei bilane som dreg nordover frå Skei, som hamnar i Volda. Den regionale trafikken i Nordfjord må også ha nytte av ny trasé.

Der tenkjer dei regional utvikling i heile Nordfjord, med 60.000 nordfjordingar som skal få eit enklare liv med ny E39. Kjell Opseth ser føre seg ein region som - med bru Anda-Lote - blir knytt vesentleg tettare saman, slik at ein for alle praktiske føremål kan snakka om éin arbeidsmarknad. Det vil også gje lettare tilgang til sjukehuset på Nordfjordeid, eller det som blir att av det.

Alle som har køyrt frå Bergen til Hotel Alexandra i fagre Stryn vil veta at når Innvik er passert, så tek det til å verta vanskeleg. Vegstykket inn til Olden er kåra til verste riksvegstrekninga i fedrelandet. Det er neppe langt frå sanninga.

Blant anna difor er det at somme blir ottefulle når dei høyrer om nye gjennomfartsårar. Det finst per i dag ein plan for å utbetra denne stubben. Kan nye vegprosjekt setja utbetringa av Innvik-Olden i fare?

NEI, SEIER NESTLEIAR i Nordfjordkryssing AS, Svein Ottar Sandal til Fjordabladet. Han meiner den politiske semja om å få bort flaskehalsen Innvik-Olden er så urokkeleg at den blir realisert - relativt fort.

Deretter ser Sandal på det midtre alternativet, med bru Anda-Lote i kombinasjon med Kvivsvegen. Det gjer mange andre også, ikkje minst ordførarar i området. I det ligg ei erkjenning av at løysinga må kombinera regional utvikling i Nordfjord med kortare reisetid på E39.

Det er store pengar det er snakk om. Målet no er å få ein ny E39 gjennom Nordfjord inn på Nasjonal transportplan frå 2014. Då er det alltid ein fordel at lokalsamfunnet står mest mogeleg samla.

I tillegg kan det bli aktuelt med avgrensa brukarbetaling for bruer og tunnelar. Men trafikkgrunnlaget er ikkje stort nok til å basera heile den nye E39 på bompengar. Det er slikt vi har ein statleg pengesekk til.

«MED VEG SKAL landet byggjast», skreiv nordfjordingen Gabriel Frøholm, før han utvida perspektivet og skreiv «Med veg skal verda vinnast». Mykje tyder no på at Kvivsvegen - Frøholms store tanke - blir ein sentral del av den framtidige E39 til Sunnmøre.

 

Kilde: BT - Olav Kobbeltveit, 9/2 2011 

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego