Større arbeidsmarknadsregion

  • Tilgong til fleire arbeidsplassar innan regionen
  • Enklare å få relevant jobb
  • Auka interkommunal pendling
  • Vekst i næringsliv og antal arbeidsplassar     


Ved å korte ned gjennomsnittleg reisetid over Nordfjorden med 25 minutt, vil eit potensielt arbeidsområde for regionen sine innbyggjarar bli vesentleg utvida.
    
Relevante jobbar – ein føresetnad for bulyst
I dag er mangel på relevante jobbar ein av dei viktigaste grunnane til at folk ikkje buset seg i vår region. Samla sett er arbeidsmarknaden i regionen god. Ser ein på kartet er luftavstandane korte, men fjordane og dårlege vegar er eit hinder for at husstandar med to eller fleire arbeidstakarar har tilgong til relevante jobbar. Ved å korte ned reisetida mellom dei ulike kommunane, kan vi sjå på Nordfjord som ein felles bu- og arbeidsmarknad.
    
Viktig for pendling nord - sør
I dag pendlar mange mellom Måløy, Hornindal, Eid og Stryn og mellom Eid og Gloppen. Nordfjordbrua vil gjere det mogleg for ein som bur i Nordfjord og dagpendle til alle delar av regionen. Dei som bur på nordsida av Nordfjord får tilgong til fleire arbeidsplassar sørover, og dei som bur i Gloppen kan vurdere jobbar nordover heilt opp til Volda og Ørsta. Når bommen i Fjærland blir fjerna i november 2010, vil brua over Nordfjorden vere viktig for diagonalen Nordfjord – Sunnfjord – Sogn.
    
Utvikling av nye arbeidsplassar
Nordfjordbrua vil i tillegg gje mange fordelar for næringslivet: sparte kostnader, nye samarbeidsområde, større omsetnad, betre tilgong til kompetanse som vil føre til fleire arbeidsplassar ved dei eksisterande verksemdene, samt etablering av nye verksemder og arbeidsplassar.

Informasjonsmøte 

Eid Utviklingsfellesskap, Gloppen Næringsorganisasjon, Eid kommune og Gloppen kommune arrangerte onsdag kveld informasjonsmøte i Gloppen.

BT - Kor skal brua ligge?

Olav Kobbeltveit har skreve ein artikkel om kor brua skal ligge i Nordfjord og prosessane omkring dette - sett fra Bergen.

Hvorfor Lote - Anda? 

Statens vegvesen har gitt sin tilrådning. Den mener vi er feil. Nå må vi være tydelige!

Se vår presentasjon

Den 28. november presenterte vi for fylkestingets politikere hvorfor E39 skal gå over Lote-Anda og ikke i indre Nordfjord. Presentasjonen ser du her!

Uttalelse

Her finner du Nordfjordkryssing AS sin uttalelse til KVU Skei - Ålesund. Klikk her.

 

 



"Det er eit stort behov for ferjefri kryssing av Nordfjorden. Eg er ikkje i tvil om at brua vil skape sterk vekst i regionen og i heile fylket. Den vil legge til rette for næringsutvikling og auke i folketalet. Vervet som styreleiar har eg teke på meg for fylket sin del, fylket treng denne brua!"

- Kjell Opseth

 

 


 

Nordfjordkryssing AS

Rådhusvegen 11

c/o Eid kommune

6770 Nordfjordeid

 

Dagleg leiar

Jan Olav Tryggstad

Mob: 911 60 299

 


  

Nordfjordkryssing AS er skipa av kommunane Eid og Gloppen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid Utviklingsfellesskap og Gloppen Næringsorganisasjon.

Design: InMedia | Utvikling: arego